Tv-aksjonen

Søndag 19. oktober er dagen for TV-aksjonen som i år går til Atlas-alliansen og skal åpne dører for funksjonshemma som lever i krig og fattigdom.

 

Pengane fra TV-aksjonen vil gå til skulegang, helsetenester og naudhjelp, i tillegg til hjelpemiddel som skulebøker med punktskrift, rullestolar og protesar. Målet er å gje 200 000 menneske med funksjonsnedsetjingar og familiane deira i Palestina, Ukraina, Etiopia, Nepal, Tanzania, Uganda og Zambia eit betre liv.

Leiar i Luster sin kommunekomitè, varaordførar Geir Arve Sandvik, er stolt over at kvar bygd i kommunen er representert  i kommunekomiteen, saman med ein representant frå Luster Sparebank. Det er ein stor dugnad og bygdene har allereie avtale med alle bøsseberarane sine.
Fredag vil formannskapet bidra i innsamlinga med ringerunde til næringslivet i kommunen.

Slik kan du gje pengegåve:
I tillegg til å gje bidrag via dugnaden med innsamlingsbøsser, kan du gje pengegåve via nettsida til tv-aksjonen.

Vipps: 2133 (gje 350 kr eller eit valfritt beløp)
SMS:TVA til 2133 (350 kr)
Kontonummer: 8380 08 09005

Kontonummer ved bestilt faktura med KID: 1503 60 97431

 Du kan også lage ei digital innsamling til TV-aksjonen.

 Du kan lese meir om aksjonen på tvaksjonen.no