A A A Svart på hvitt - normalt Hvitt på svart

Oppsummering frå veke 10

Det er fredag igjen, og tid for oppsummering.


FYSISK AKT
MATTEDAGEN2
MATTEDAGEN6
MATTEDAGEN8
MATTEDAGEN4
MATTEDAGEN5
mattedagen12
mattedagen13

 

Aktiviteten er god ute i friminutta sjølv med blaut snø og vårløysinga i emning.

4A fekk fredag PALS-belønning i form av  akeaktivitetar to siste timane.  Det vert meldt om god aktivtet på «Beimslinja», og stor fart for elevar og lærarar.

5. klasse er som kjent med i ASK-prosjektet til Høgskulen. Dei har verkeleg fått til «Fysak» i alle fag på ein god måte. Det er Fysak på skulen, og det er Fysak  i heimearbeid.

Fredag hadde  mellomsteget «Matematikkens dag». Elevane fekk jobbe med matematikk på ein kreativ og praktisk måte, ute og  inne på ulike klasserom og spesialrom.  Her fekk elevane oppleve nytten av matematikk.

Ungdomssteget har valfag fredagane, denne fredagen hadde gruppa som har Friluftsliv og helse aktivitetar på skuleområdet. Gruppa som har valfaget Produksjon av varer og tenester var på kjøkkenet der dei lagde kaker.

Biblioteket er no godt på plass i «kantina». Dette gjer at «kantina» er stengt som «vrimleareal» for ungdomsskuleelevane

I Samfunnsbygget ligg det kle /sko som kan hentast i løpet av måndag/tysdag i veke 11. Det som ligg att etter det vert «lopper» til Loppecupen 14. mars.

 

Ha ei gode helg!

Kjell

Tips ein ven  Skriv ut
Powered by CustomPublish AS