A A A Svart på hvitt - normalt Hvitt på svart

Oppsummering frå veke 11

Det er vekeslutt, sola skin, og alt ligg tilrette for ei strålande helg!

 

 

 

SKILEIK2
SKILEIK3
SKILEIK4
SKILEIK5
SKILEIK6
SKILEIK7
ALDERSBLANDA, VEKE 11
Våren1

1. klasse har "filosofert" over  våren, og kva som skjer då. Dette har dei jobba med i eit "omgrepskart"(sjå bilde).

Tysdag hadde 5.-7. klasse "aldersblanda", denne dagen var det kraftig vind og regn, men friluftsgruppa var ute på tur. Trur me skal vere varsame med å bruke "Ut på tur aldri sur" i det ekstreme  vèret som var.

Onsdag var 1.-3. klasse i Øygardsbakkane på aking(det ligg mange flotte bilde på sidene til klassane), og 4.-7. klasse var på skileiksdag på Heggmyrane, dette saman med studentar frå Høgskulen. Ein fantastisk dag med strålande sol. Elevar og tilsette smilte om kapp med sola.

4. klassingane har blant anna jobba med intervju i norsk denne veka. Mange dyktige "journalistspirar" der.

7. klasse har jobba mykje med diverse måleeiningar i matematikken, no kan dei mykje om liter, desiliter, hektoliter, centiliter, milliliter, kilo, gram osv. 8. klasse har denne veka fått øving å skrive lesarbrev/debattinnlegg. 9. klasse var måndag og tysdag på hospitering hjå Sogndal vidaregåande skule. Her fekk dei sjå og oppleve korleis det er på ulike linjer som elevane vurderar å søke seg inn på når dei skal starte på vidaregåande. Nyttige dagar som er ein del av "overgangsprosedyrane" frå grunnskule til vidaregåande skule.

Me minner om "Loppecupen" som er på Hafslo laurdag 14. mars frå kl 10.00 og utover dagen.

Ha ei strålande helg!

 

Kjell

 

 

Tips ein ven  Skriv ut
Powered by CustomPublish AS