A A A Svart på hvitt - normalt Hvitt på svart

Oppsummering frå veke 12.

Då var det helg igjen....

SOL1
SOL3
SOL2
SOL4
5
5
Kulturøkt6
Aldersblanda, mars2
kulturøkt6
kulturøkt2,6

Solformørkinga fredag var naturleg nok svært interessant, me såg ikkje så mykje til det "live", men me fekk sett mykje via internett.

5. klasse har jobba med prosjekt, og hatt framføring for 1.-4. klasse. Noko av arbeida ser de på bildeserien.

Fredag var det kulturøkt, der 6. klasse imponerte oss med dans, song, leikar/konkurransar, og til slutt serverte dei nydelege kanelbollar. Kjempeflinke og tøffe elevar.

Elevar frå 8. klasse har laga filmen "TV-venne" i samband med Sogndal filmfestival. Klikk inn på lenka for å sjå filmen og stem i helga! Dei er nominert i klassen for publikumsfavorittar.

http://www.nrk.no/sognogfjordane/denne-gjengen-er-spente-pa-di-meining-1.12255348

Det nærmar seg no bygging/ombygging av skulen. Sist veke vart det avgjort at fylgjande entreprenørar skal ha ansvar for prosjektet:                                                                   Bygg; Hans Nes Bygg / Elektro:Luster energiverk / Røyr:Røyrleggjarservice, Ola Skophamar / Ventilasjon; Gunnar Karlsen.

Dette er solide, og lokale bedrifter me ser fram til å samarbeide med. Arbeidet vil ta til i slutten av april. Me kjem til å ta i bruk klasserom ved Luster vidaregåande skule. I fyrste omgang er det 10. klasse som vert flytta bort der denne våren.

Skuleåret 2013/14 så jobba skulen og FAU med ny handbok for foreldrerepresentantar. Den ligg på framsida, det er nyttig å sjå i den med jamne mellomrom for alle.

Me oppmodar og om at de ser innom klassesidene, inkludert SFO som har ei flott vekeoppsummering.

Ha ei flotte vårhelg!

 

Kjell 

Tips ein ven  Skriv ut
Powered by CustomPublish AS