A A A Svart på hvitt - normalt Hvitt på svart

Oppsummering frå veke 13, og god påske!

Då er alle klar for påskeferie!

aldersblanda-13-2
påske1-4
påske4
UTF1
UTF2
UTF3
UTF4
UTF5
rebus4
rebus5
kulturøkt2
FELLES - UTF
VINNAR-UTF

Etter ein god arbeidsvinter, kan elevar og tilsette ta ein velfortent og god påskeferie.

Siste veka har vore prega av påske i fleire fag, og gjennom ulike arrangement som kulturøkt av 2. klasse, aldersblanda og fellessamling der 4. og 9. klasse hadde diverse innslag, flotte opptredanar.  1. og 2. klasse har lagt ut eigne "påskereportasjar" på klassesidene. Siste dag før påskeferien hadde klassane ulike tiltak. Mellomsteget hadde den tradisjonelle utfordringen, der klassane samarbeida og løyste diverse fysiske oppgåver. Etter "Utfordringen" koste dei seg med ein nydeleg påskelunsj. Kjempeflott innsats og engasjement hjå alle. Ungdomssteget hadde sin "Påskelabyrint", der elevane vart delt inn i lag på tvers av klassane, dei løyste ulike oppgåver innanfor td geografi og historie. Ivrige og flinke elevar som verkeleg gjorde ein flott innsats.

Me gratulerar Daniel, Marte, Vegar og Marit frå 8. klasse som vann juniorprisen for beste animasjonsfilm under Sogndal filmfestival med filmen "TV-venne".

Fyrste skuledag etter påske er tysdag 7. april.

Me ynskjer alle ein god påske!

Kjell

Tips ein ven  Skriv ut
Powered by CustomPublish AS