A A A Svart på hvitt - normalt Hvitt på svart

Oppsummering frå veke 13

Då er våren endeleg kommen.........

molden1
molden2
kh-april
jarle
asle
brodering

Trass i eit lite snøfall denne veka, konkluderar me med at våren er komen. Etter ein god påskeferie, var me i gang att tysdag.

I faget Kunst- og handverk prøver me å synleggjere produkta til elevane, bilde de ser er frå 7. klasse som  lærer om dei minste byggjesteinane våre, atom og molekyl, og dei har laga modellar av ulike grunnstoff og kjemiske sambindinga. Plastelina og sugerøyr kan brukast til så mangt. Me ser og eit bilde frå 2. klasse som driv med brodering om dagen.

Deler av "fysisk aktivitet-gjengen" var fredag på topptur til Molden. Spreke ungdomar og lærarar.

Torsdagskveld hadde me temamøte for foreldra på ungdomssteget og 7. klasse. Med oss på møtet var Jarle Flo frå Sogndal vidaregåande skule, og lensmann Asle Karoliussen. Flo snakka og synte oss korleis "livet er" på ein vidaregåande skule. Foreldra fekk eit godt innblikk i studieretningar, krav/forventningar og korleis det er å vere elev og foreldre der. Kjempenyttig informasjon. Lensmann Asle Karoliussen la fram ungdomsundersøkinga frå 2015 vedr rusbruk blant ungdom i  kommunane Luster, Vik, Leikanger og Sogndal. Rapporten ligg tilgjengeleg på skulen si heimeside. Dette gav oss nyttig informasjon om korleis stoda er i nærmiljøet vårt vedr rusbruk mm. Me set pris på det gode oppmøte, noko som syner behovet for denne type møte for foreldra.

Bygginga går sin raske gang, og i løpet av april vil dei fleste av lærarane sine kontorarbeidsplassar(kjellar i Fellesbygget), og personalrommet(2 etasje i Fellesbygget) vere klare til innflytting og bruk. 

Då ynskjer me alle ei gode helg!

Tips ein ven  Skriv ut
Powered by CustomPublish AS