A A A Svart på hvitt - normalt Hvitt på svart

Oppsummering frå veke 15

Då er me godt i gang att etter påske

6
KUNSTGRASBANA-BILDE

Etter ein god påskeferie er me no godt i gang att. Sjølv om det ligg att noko snø på skuleområdet, føler me no at våren er komen. Iherdig dugnadsinnsats frå Hafslo IL gjer at kunstgrasbana no er fri for snø. Dette er me strålande nøgde med, og aktiviteten er i full gang att på bana. På skuleplassen er det ulike aktivitetar som hopptetau,  slåball, og andre ballaktivitetar, samsundes som den gode og frie leiken er på plass.

10. klasse har denne veka hatt to dagar med jobbskugging. Elevane har vore ute i arbeidslivet på hospitering. To kjekke og lærerike dagar for dei eldste elevane våre.

6. klasse har markert den internasjonale dagen for Down syndrom. Elevane møtte opp med ulike sokkar for å vise at alle er ulike, men like gode og verdifulle. Mangfald er bra!

Skal tru om ikkje isen på Hafslovatnet er vekke når me kjem på skulen att måndag? Over helga får me og våre 8 nyinnkjøpte kanoar med naudsynt utstyr. Me gler oss til å ta dei i bruk.

Me minner om temaforeldremøtet for foreldra på ungdomssteget og 7. klasse onsdag kl 19.00 i Samfunnshuset. Tema: Råd til korleis me kan hjelpe og motivere ungdomane våre best mogleg v/Mia Børjesson. Meir info i eiga sak på heimesida.

 

Ha ei flott vårhelg!

 

Kjell

Tips ein ven  Skriv ut
Powered by CustomPublish AS