A A A Svart på hvitt - normalt Hvitt på svart

Oppsummering frå veke 18

Stor hoppetauaktivitet på skulen om dagen

HOPPETAU1-V18
VEITASTROND-V18
ALDERSBLANDA, VEKE18
HOPPTAU2
BYGG1
5

Då er ei noko "forkorta" skuleveke over.

5. klasse har vore i Kvam på fjøsbesøk(ligg i entreprenørskapsplanen til skulen). Der fekk dei sjå og høyre mykje om lembing. Takk til Tom Idar og Ruth Karin for at me får komme(7. året dette her). Elevane i 4.-7. klasse deltek no i ein nasjonal hoppetaukonkurranse i veke 18-19. Her gjeld det å hoppe mest mogleg med hoppetau. Iveren blant elevane er stor, og du verden kor flinke alle er til å hoppe.

6. klasse er i gang med eit prosjekt med Statens naturoppsyn og naturforvaltaren i Luster kommune. Torsdag var dei i Moane heile dagen. Spennande opplegg som me vil få høyre meir om (det kjem bilde frå dagen etterkvart).

Aldersblanda er stadig på farten. Dei har mellom anna vore i Gamle Galden, og der dei har sykla bort. Dei har laga bårer av små tre og tau, og dei har laga tomatsuppe frå botnen av.

10. klasse har hatt to heildagsprøvar, dei er no inne i den siste fasen som elevar ved skulen her.

Som de ser på eit av bilda, så er det flott "våraktivitet" på Veitastrond og, dette til tross for mykje snø og store snøhaugar framleis. Aktive elevar og vaksne er flott!

I samband med ombygginga/nybygginga vil me legge inn eit bilde frå det for kvar vekeoppsummering.

Ha ei gode langhelg!

 

Kjell

Tips ein ven  Skriv ut
Powered by CustomPublish AS