A A A Svart på hvitt - normalt Hvitt på svart

Oppsummering frå veke 20

Ei kort og innhaldsrik skuleveke er over.

BYGG2
TINE3
TINE4
TINE5
TINE6

Tysdag arrangerte me Tinestafetten for 5.-9. klassane i Lustraskulen. Stafetten vart arrangert i Moane. 29 lag deltok, så det var samla nærare 300 elevar. Innsats og humør var på topp, og det såg ut til at alle hadde ei kjekk stund i Moane.

Klassane har siste dagane vore rundt i bygda for å rydde bos som har samla seg opp langs vegar og stiar gjennom hausten og vinteren. No er Hafslo-bygda rydda og klar for 17. mai, vår og sommar!

1. klasse mottok denne veka PALS-diplom og premie for 5400 oppnådde BRA-kort så langt dette skuleåret - imponerande! 6. klassane har jobba med avis, og onsdag var dei avisbesøk til Sogn avis. Her fekk dei sjå og høyre om korleis ei avis vert laga, både innhaldsmessigt og teknisk. Ein lærerik tur var det for elevane.                                             9. klasse har denne veka for på "jobbskugging". Dei har vore ute i arbeidslivet, og fått opplevd og prøvd seg som arbeidstakarar. Lærerikt og nyttigt for elevar som innan 10. klasse skal ta viktige utdanningsval for framtida.10. klasse er no inne i siste førebuingane til eksamen, og dei skal komande veke ha skriftleg eksamen. Me ynskjer dykk lukke til!

Byggearbeidet går sin gang, og bilde denne veka kjem frå der biblioteket var tidlegare.

Ha ei gode "langhelg", og lukke til med 17.mai-feiringa!

Kjell

 

Tips ein ven  Skriv ut
Powered by CustomPublish AS