A A A Svart på hvitt - normalt Hvitt på svart

Oppsummering frå veke 21

I fylgje kalendaren skal no sommaren vere like rundt hjørna, men dagens vèr tyda ikkje akkurat på det i dag. Ei innhaldsrik skuleveke er likevel over.

SYKKEL2
FORELDREMØTE1
FORELDREMØTE3
BYGG3

 

1. klasse har denne veka hatt studentar med seg, dette er barnehagelærarstudentar som har ei veke med observasjonspraksis i skulen. 4. klasse hadde overnatting på skulen frå onsdag til torsdag. Tilbakemeldingane tyder på ein del søvn, men sikkert ikkje så mykje som dei har heime ei natt til ein torsdag.Humøret var i allefall på topp torsdagsmorgon 7. klasse hadde sykkeldag på onsdag, der dei var gjennom ulike øvingar på sykkel, og der dei gjennomførde teaoretisk og praktisk prøve.  

8. klasse hadde onsdag jobbskugging, elevane var utplassert på ulike arbeidsplassar, og danna seg nok eit lite inntrykk over arbeidslivet. 9. klasse har denne veka hatt tentamen i matematikk og norsk.

10. klasse har hatt skriftleg eksamen i norsk denne veka, torsdag  var det hovudmål, medan det fredag var sidemål. Me satsar på at elevane fekk til gode eksamensvar. Dei jobba i allefall godt med oppgåvene.

Måndag hadde me foreldremøte for dei komande 1. klassane, det vert ein klasse på 23 elevar. Me gler oss til å vere kjend med dei nye....

Tysdag var det foreldremøte for 1.-7. klasse der møtekvelden var delt i to bolkar. I den eine bolken var foreldre i kvar klasse samla for  diskutere klassemiljø, og  dei foretok val av kontaktforeldre og FAU-representantar for komande skuleår. I den andre bolken var alle samla i audiotoriet der Jostein Bildøy frå "Barnevakten" snakka om temaet kring den digitale kvardagen for born og ungdomar. Han var innom mykje som gjer at me vaksne får reflektert kring dette. Ein særs god og nyttig foreldrekveld dette! Bildøy var og innom "Aldersblanda gruppe", og hadde ei økt med dei.

Byggearbeida går sin gang, både ute og inne. Kjekt å oppleve den gode framdrifta.

Ha ei gode pinsehelg!

 

Kjell

Tips ein ven  Skriv ut
Powered by CustomPublish AS