A A A Svart på hvitt - normalt Hvitt på svart

Oppsummering frå veke 22

.......så var mai-månad snart over...

5
5
5
7
Idrettsdag1
idrettsdag2
idrettsdag3
5
5
sedrik
6
5
5
7
7
7

1.-4. klasse starta veka med idrettsdag. Her var elevane gjennom mange friidretsøvingar og leikar på skuleområdet. Innsats og humør var som vanleg på topp der elevane fekk både springe, kaste, hoppe med meir. Friluftslivsgruppa i aldersblanda her sjekka ut område som uteskulen kan bruke neste år. Det blir spennande å bygge opp nye uteplassar, og vidareføre dei me har i dag. dei fann eit reir på bakken, og lurer no på kva fugl som eig den.........?

6. klasse har den siste tida jobba med avis. Dei har blant anna vore på besøk hjå Sogn avis for å lære om korleis ein lagar avis. Elevane har no laga si eiga gode avis; "Hafsloeplet". Elevane skal no selje avisa til slekt og vener.

7. klasse hadde torsdag sosial kveld med foreldre. Der fekk dei mellom anna synt fram noko av det dei har jobba med i den seinare tida. Dei har hatt fokus på å jobbe med alkohol og rus, og dei farane som ligg i det. Elevane presenterte dette med gode powerpoint-presentasjonar, og artige filmar. I tillegg til det faglege stoffet her, så har dei og lært mykje av korleis ein kan presentere fagstoff, filme, redigere, og ikkje minst stå framfor ein forsamling å formidle. Elevane gjorde dette på ein framifrå måte.

Skopolitiet var innom mellomsteget på fredag. Der fann dei 45 par som ikkje var parkert der dei skulle(i skohylla). Skopolitiet har varsla å ta seg ein tur neste fredag og. Så her gjeld det å ha skoa på plass skohyllene.

Fredag var det skuleårets siste fellessamling, der 5. og 7. klasse bidrog med innslag.  7. klasse synte noko av det dei synte for foreldre torsdag. 5. klasse synte oss song, dans og gåter. Her var det vårsang, Olav Stedje-songar og "5-minuttar" der dei tok publikum med på ein sjølvlaga dans - artig!  Gjennom fellessamlingane får klassane synt fram noko av det ein har jobba med siste tida, og det er utruleg mykje bra som vert presentert. Elevane får samstundes god trening i å opptre framfor publikum, noko som er med på å utvikle dei.

Ungdomsskulen har mykje fokus på heildag, tentamen og eksamen......., men ei gruppe med 8. klasingar var frå torsdag til fredag på kanotur m/overnatting i området "fremst" på Hafslovatnet. Kjekke og lærerike erfaringar for elevane dette. Ikkje til på legge skjul på at me har ein fantastisk natur rundt oss som me MÅ nytte oss av.

Då er det berre å ynskje alle ei gode helg!

 

Kjell

Tips ein ven  Skriv ut
Powered by CustomPublish AS