A A A Svart på hvitt - normalt Hvitt på svart

Oppsummering frå veke 23

Her kjem ei forsinka oppsummering av veke 23. Det stundar mot slutten av skuleåret, og elevane er no mykje ute på farten.

1
bygg

Tysdag var dei nye 1. klassingane på besøk på skulen. Her fekk dei møte lærarane dei skal ha, og dei fekk oppleve litt av livet på skulen. Dei fekk og møte fadderklassen sin, og saman hadde dei ei fin aktivitetsstund. me får 23 nye 1. klassingar neste skuleår.

3.-4. klasse var onsdag på tur i nærområdet. her var det tid til leik saman, og verte kjend med nye plassar i bygda.

7. klasse var på sin tradisjonelle Bergenstur frå onsdag til torsdag. her var elevane innom museum, Vil Vite-senteret og Akvariet. I tillegg til alt det kjekke dei fekk oppleve saman under reisa og opphaldet. Å reise til/frå Bergen med båten er ei god oppleving. Ein flott "avslutningstur" på mellomsteget dette. No er 7. klassingane våre klare for ungdomssteget til hausten.

8. klasse var saman med 8. klasse frå Luster ungdomsskule på "Opptur"  i Luster onsdagi. Opp Sandviksberget til Råum, ned Råumsberget og tilbake til Gaupne. Sprek og fin gjeng å ha med på tur. Veldig kjekt at ordførar Ivar Kvalen var med oss, også for å vise at Luster kommune støtter opp om friluftslivet, Luster kommune har gjort vedtak om å bli "Friluftslivets-år kommune".

Friluftslivelevane i 9. klasse var torsdag til fredag på kanotur med overnatting. Dei gjorde samme turen som 8. klase gjennomførte sist veke.

På "vekas byggebilde", ser me det nye personalrommet. Det vert eit flott rom med god plass, og flott utsikt utover skuleområdet på nedsida og Hafslovatnet.

 

Kjell

 

Tips ein ven  Skriv ut
Powered by CustomPublish AS