A A A Svart på hvitt - normalt Hvitt på svart

Oppsummering frå veke 3.

Det snør, det snør......

Snøskulptur1
Snøskulptur3
Snøskulptur4
Snøskulptur5
Snøskulptur6
Snøskulptur2

Denne veka har snøen dominert det meste. Og me har vel alle fått god fysisk trening med snømåkinga. Så «nyttårsforsettet» om meir fysisk aktivitet  innfrir me for veke 3.

Snøen kan nyttast til mykje, og som de ser på bildeserien så har elevane i begge 4. klassane jobba med snøskulturar. Flott arbeid og flotte produkt.

1.klasse har vore på tur i «Kråkeskogen». Flott aktivitet i mykje snø(sjå bilde på klassen si eiga side). 5.klasse jobbar vidare med ASK. Utfordring no i all snøen. Som ASK-skule har me motteke flott utstyr som store terningar, akebrett, store kjegler og diverse anna. I aldersblanda hadde Friluftslivgruppa ei flott økt på ski på skuleplassen(nedsida av gymsalen) på tysdag. Skiskyting med innlagt "Monsterbakke", og leikar av ulike slag. I den økta opplevde dei alt frå snøstorm til gløtt av sol.

7.-8. klasse har no avslutta symjeøktene sine for denne gong. Dei er ivrige, lærevillige og dei har hatt gode symjeøkter i Lustrabadet.

10. klasse var torsdagsettermiddag/-kveld på «Open dag» på Sogndal vidaregåande skule. Her fekk dei mykje kunnskap og informasjon om skulen. Ei svært nyttig økt der ein fekk sjå skulen, og ein fekk vite mykje om det som vert viktig å ta med seg i det vidare arbeidet i samband med valg av studieretning for hausten.

Ha ei god helg!

 

Kjell

Tips ein ven  Skriv ut
Powered by CustomPublish AS