A A A Svart på hvitt - normalt Hvitt på svart

Oppsummering frå veke 4.

Her er oppsummeringa frå veke 4.

008
3
3
2
1
dans2
dans1

Oppsummering, veke 4.

Etter stort snøfall siste vekene gjorde det godt på alle måtar med kaldt og flott vèr denne veka. Det var og godt å sjå att sola.

Me er no inne i ein god arbeidsperiode, der elevane har veldig gode arbeidsøkter.

Denne veka har me og hatt kulturelle innslag. Måndag hadde me vitijng av bluesgruppa «Good time Charlie» med Arle Hjelmeland i spissen. Ein flott konsert der elevane var aktivt med på songane, hadde øvd i forkant – kjempeflott. Onsdag hadde me fellessamling i gymsalen, der 3. og 8. klasse hadde  underhaldningsansvaret, dans, song og dikt prega den. Kjekt å sjå at 3. og 8. klassingane kan danse saman. Igjen ser me at elevane trivst på scena. På fellessamling presenterte me og elevrådet for skulen. Elevrådet har ein viktig funksjon, dei skal jobbe for å skape et sosialt fellesskap, utvikle arbeids- og læringsmiljøet,  og sikre at elevane sine rettar vert ivaretekne.

Onsdag tok 1. klasse med seg mat og akeutstyr til «Beimslinja». Her aka dei og koste seg med maten sin ute.  Som de ser på eit bilde, så har 2. klasse blant anna jobba med dinosaurar. Her har dei fått god kunnskap om dinosaurane, samstundes som dei har fått god lesetrening.

1.– 4. klasse samla inn 3139 kr i den omvendte julekalenderen. Pengane går til Nava Yjoti.

7. klasse har fått i oppdrag å måle opp eit av romma me nyttar i Kunst- og handverk. Nyttig og lærerikt oppdrag.

Ungdomssteget hadde torsdag det tradisjonelle nyttårsballet, eit svært kjekt ball gjennomført av dyktige elevar med flotte programinnslag, mat og dans. Rakettane de såg over Hafslo torsdagskveld kom frå nyttårsballet(sjølvsagt etter løyve frå Brannvesenet og Politiet).

Det er stor aktivitet i samfunnsbygget/gymsalen på kveldane – det er veldig bra. Me minner om at dørar må låsast og lys sløkkast!

Ha ei god vinterhelg!

Kjell

Tips ein ven  Skriv ut
Powered by CustomPublish AS