A A A Svart på hvitt - normalt Hvitt på svart

Oppsummering frå veke 5

Tida går fort, og brått er me ferdig med januar.

dokke1
dokke2
dokke3

Som eg har skrive tidlegare, så er me inne i ein veldig god arbeidsperiode på skulen no. Mange av klassane har ein del innleveringar og prøvar desse vekene. Her er det berre å stå på, og gjere sitt beste. Ein kan då ta ein velfortent vinterferie om eit par veker.

1.klasse var tysdag på besøk til 4A for å sjå på dokketeater. 4A synte fram eit sjølvlaga skodespel om dei tre punkarane som skulle på Molden for å sjå på utsikta. I tillegg til dokketeateret  framførde 4. klasse songen "Kvifor". 1.klassingane storkosa seg, og var veldig imponerte over dei flinke 4.klassingane .

5. klasse har jobba med rettskriving der målet er å kunne skilje mellom skj-lyd og kj-lyd. Mange flotte namn somn startar med kj-lyden.  6. klasse-elevane hadde sosialkveld med foreldre tysdagskvelden. Ein kjekk kveld med mange kjekke aktivitetar, der alle vart litt betre kjend med kvarandre. 7. klasse har i norsken jobba med å skrive søknad, der ein har lært seg kriteria for korleis skrive ein god søknad.

8. klasse har i matematikk desse vekene mål om å lære meri om areal og omkrins av ulike figurar, medan 9. klasse jobbar med prosent i matematikken. Viktig å kunne dette for elevane, og ein opplever at dette har ein stor nytte av å kunne.

Uteleiken i friminutta er veldig god om dagen. Det er kjekt med god plass, og mange «haugar» å leike på.  Det er kjekt med vinter!

 

Ha ei gode helg!

 

Kjell

Tips ein ven  Skriv ut
Powered by CustomPublish AS