A A A Svart på hvitt - normalt Hvitt på svart

Oppsummering frå veke 7

Ja, så er vinterferien her...

 

KARNEVAL1
KARNEVAL2
KARNEVAL3
KARNEVAL4
sfo1
sfo2
sfo3

Ei veke med diverse aktivitetar, småskulen avslutta fredag med solfest og karneval med tilhøyrande parade. Mange flotte utkledningar og stor stemning. SFO hadde fastelavensfest med gode bollar. Så 1.-4. klasse koste seg på siste skuledagen før vinterferien.

3. klasse var måndag på omsorgsenteret, der dei song for brukarane og personalet. 3. klasse hadde og ansvar for kulturøkta tysdag. Dei har verkeleg vore kulturelle denne veka.

Som de er kjende med så er 5. klasse med på "ASK-prosjektet", fysisk aktivitet, teori og praktisk læring  "hand i hand". Moro å sjå kva dei har fått inn på planen sin av fysiske aktivitetar som og gir auka kunnskap og læring i alle fag. 6. klasse har denne veka jobba med reklame i samfunnsfag. Det ryktast at dei har laga reklamefilm......spennande. 7. klasse har studentar no, og dei har blant anna starta med skriveprosjekt om fagtekstar i norsk. 

8.klasse var tysdag til onsdag på overnatting i SIL-hytta i Hodlekve. Mange kjekke aktivitetar ute og  inne. Elevane fekk øvd seg blant anna på diverse skiteknikkar. På ein slik tur er det nok ikkje søvn elevane får mest av, så elevane(og lærarane) var nok trøytte når dei kom heim onsdag. 10. klasse avslutta før ferien med skriveøkt  i norsk.

Me minner alle foreldre om at ved fråvær skal det skrivast i meldingsbøkene til elevane. Me opplever at det kjem sms`ar. Det er greit, men me må ha meldingar i meldingsboka i tillegg.

Då ynskjer me alle ein velfortent og god vinterferie!

 

Kjell

Tips ein ven  Skriv ut
Powered by CustomPublish AS