A A A Svart på hvitt - normalt Hvitt på svart

Oppsummering frå veke 9

Her får de oppsummeringa frå ei flott veke!

SKIDAG1
SKIDAG2
SKIDAG4
SKIDAG6
SKIDAG8
SKIDAG9
SKIDAG10
SKIDAG13
SKIDAG11
SKIDAG15

 

Etter ein god vinterferie, var det tilbake i skulekvardagen. Denne veka(og neste veke) er det PALS-samarbeid i fokus, der samarbeidsklassane skal gjere noko saman.

Denne veka har til dømes 1. klasse snakka om kva eit land er, og kva for land elevane  i 1. klasse kjenner til. Dei enda til slutt opp med ei liste på 13 land. Dei vart sjølvsagt veldig nysgjerrige på kor mange land som finst i verda, og fann til slutt ut, etter littt søking på nettet, at det er 193 land i verda. Nyttig lærdom for alle!

2. klasse har jobba med tiarovergangar og høge tal i matematikk,  elevane måtte jobbe saman for å finne løysingane. 5.-7. klasse har hatt aldersblanda, der friluftsgruppa var på Heggmyrane med skiaktivitetar. 8. klasse jobbar med teiknseriar, der dei blant anna skal lage eigne teikneseriar, god kreativ øving. 

Veka vart avslutta med felles skidag for heile skulen. Elevane og dei tilsette hadde ein superdag i alpinbakkane og løypene. Me hadde tinga flott vèr, noko me og fekk. Mange gode opplevingar, og ein dag som gjer godt på alle måtar. Me er heldige som har eit så flott skianlegg i nærleiken av oss. Som de ser av bilderserien frå dagen så koste elevane og dei vaksne seg med både ski og mat.

Biblioteket er no flytta til kantina, dette pga av ombygginga/nybygginga nærmar seg, og det vil starte der biblioteket har vore. Biblioteket har opningstid måndagar frå kl 09.00-15.00.  

Ha ei god helg!

 

Kjell

Tips ein ven  Skriv ut
Powered by CustomPublish AS