A A A Svart på hvitt - normalt Hvitt på svart

Oppsummering veke 2

Då er me i gang att etter ein god ferie.

vinterbilde2
vinterbilde1

Denne veka har me nytta til å komme godt i gang att. Rikeleg med god snø ute har gjort sitt til at aktiviteten har vore god ute i friminutta. Det er brøyta gode "haugar" som innbyr til leik og aktivitet.

Småskulesteget har hatt mykje fysisk aktivitet med Røris, sansemotorikk, kanonball, ordstafett og uteleik.  4. klasse har starta med noko nytt og spennande. Dei har laga ein  leksevideo. Her får elevane ein introduksjon til stoffet dei arbeidar med på skulen. Elevane skal sjå filmen og reflektere over innhaldet. Spennande, og midt i blinken der digitale verktøy skal vere ein grunnleggande ferdigheit for elevane.

Mellomsteget nytta blant anna snøen til skigåing/skileik i aldersblanda på tysdag. 6. klasse har denne veka oppdrag i å fylgje med på vèrmeldingane. Med det skiftande vèret me har hatt siste veka, så har nok dei fått med seg dei fleste vèrsymbola. 7. klasse klasse har jobba med elektrisitet i naturfag. Dei har fått prøvd seg med koplingar, spennande å sjå korleis ting fungerar.

På ungdomssteget så jobbar no 8. klasse mykje med den norrøna tida.   Mykje spennande historie der å tileigne seg. 9. og 10. klasse jobbar no med fordjupingsoppgåve i norsk, her inngår å lese bok, sjå film, og lage ein eigen presentasjon.

Skulen har gjort avtale med grunneigar på «Beheimslinja», slik at me får ake der i skuletida. Me gledar oss til kjekke stunder i akebakken. Me minner og om at isen på Hafslovatnet er utrygg, så der skal me ikkje utpå.

Ha ei gode helg!

 

Kjell

Tips ein ven  Skriv ut
Powered by CustomPublish AS