Oppsummering, veke 38
Småskulesteget har starta øvingane til årets «Blime-dans», de finn bilde frå dansen på klassane sin eigne sider.
Dansen finn de her: http://nrksuper.no/super/blog/laer-deg-blime-dansen-2014/
2. klasse fekk denne veka premie for 6000 oppnådde «Bra-kort» sidan dei starta i 1. klasse for vel eit år sidan. Gratulere!
Nokre klassar har vore særs fysisk aktive denne veka. Tysdag var det kommunal friidrettsdag i Gaupne for 5.-7. klasse. Ein flott dag med mykje god aktivitet, god innsats og kjekt sosialt. Fredag hadde 7.-9. klasse aktivitetsdag med Høgskulen, mange kjekke aktivitetar i Moane, der friluftsliv og aktivitet var sentralt. Det flotte vèret sette ei ekstra flott ramme kring desse dagane.
8.-9. klasse starta denne veka med Nasjonale prøvar i lesing. I lag med 5 . klasse har desse klassestega nasjonale prøvar.
9. klasse har og hatt kantinedrift, der pizza og vafler var populære produkt. Underteikna kan stadfeste at varene smakte godt!
I samband med opning av nye kunstgrasbana er skule- og barnehageområdet meir «trafikert» på fritida, det tykkjer me er flott. Me minner alle om ansvaret for opprydding etter seg. Det flyt litt for mykje "bos" i området.
Komande måndag(22. sept) har me varsla brannøving på skulen, dette kan vere greit at foreldra til elevane på småskulesteget tek opp med borna.
Ha ei gode helg!
Kjell