A A A Svart på hvitt - normalt Hvitt på svart

Oppsummering, veke 45

Her er oppsummeringa frå veke 45.

6
V45-1

Denne veka har klassane hatt samarbeid, dette som ein del av PALS-programmet. Samarbeidsklassane er organisert slik: 1.og 6. klasse  / 2. og 7. klasse  / 3. og 8. klasse  / 4. og 9. klasse / 5. og 10. klasse.  Klassane har nytta samarbeidet ulikt, men det sosiale har vore prioritert. Som de ser på bilde, så har 6. klasse vore saman med 1. klasse.

2. klasse har denne veka starta med  "Potet-trykk" i Kunst- og handverk. Ivrige elevar starta på flotte produkt. 3. klasse har hatt "Ti skotet" i musikken. Eit program som dei fleste av foreldra hugsar godt....Vidar Lønn Arnesen kunne ikkje stille, men Sonja leia det vel så bra....

Aldersblandinga på mellomsteget går sin flotte gang. Mykje praktisk og variert aktivitet ute og inne som er lærerik og nyttig for elevane.

7. og 10. klasse har denne veka gjennomført UDIR si elevundersøking. Denne undersøkinga skal alle 7. og 10. klassingar i landet gjennomføre. Den omhandlar trivsel, mobbing, motivasjon, vurdering mm.

Studentane som har vore i 9. klasse er no ferdig for denne gong, me er sikker på at dei har lært mykje om korleis kvardagen til læraren er. Studentane kjem att til klassen utpå vinteren og.

Elevbedriftene er komne godt i gang, og kveld er det ei gruppe som arrangerar kinokveld.                                                                                                                                 

Nokre av elevane i valfaget trafikk, har registrert om bilane som var parkert ved skulen (7.nov) hadde vinterdekk/sommardekk. Av 24 bilar hadde 19 vinterdekk, me reknar  med at dei 5 som hadde sommardekk legg om til vinterdekk i helga. Elevane har i tillegg laga ein tilstandsrapport  på dekka til kvar bil.

Over 100 elevar + mange foreldre frå skulen skal søndag nytte seg av tilbodet om gratisbillettar til kampen mellom Sogndal og Stabæk. Me satsar på å hjelpe "naboane våre" til siger, slik at det vert Tippeliga på Sogndal også i 2015.

Ha ei gode helg!

Kjell

Tips ein ven  Skriv ut
Powered by CustomPublish AS