A A A Svart på hvitt - normalt Hvitt på svart

Oppsummering, veke 47

Her er oppsummeringa frå veke 47.

dans

1.klasse hadde torsdag sosialkveld i Moane. Spennande med hovudlykter i mørkret.  4A  har i Kunst og handverk  starta arbeid med handdokker, ivrige elevar som jobbar godt. Vert spennande å sjå når dei er ferdige med dei. Mellomsteget har starta med førebuingar og øvingar til julefesten.

6. klasse hadde kroppsøving med mellom anna fotball, ekstra kjekt er det at me no i siste del av november kan hatt kroppsøvingstimar ute på kunstgrasbana.

Det var kjekt å sjå «PALS-samarbeidstimen» mellom 10. klasse og 5. klasse onsdag. Dei hadde leikar ute på skuleområdet. Trivselen var stor hjå alle! 10. klasse har i kroppsøvinga jobba med dans, og onsdag var det tid for ”Skal me danse”. Mange dansetalent i 10. klasse.

Me har no innført ein mobilfri dag i veka på ungdomssteget. Torsdagane legg elevane mobiltelefonane frå seg når dei kjem på skulen. Foreldre som då må ha kontakt med son/dotter, tek kontakt med skulen. Skulen legg då tilrette for diverse spelaktivitetar(kortspel, sjakk, yatzy mm) i kantina i friminuttane for ungdomsskuleelevane. Dette er eit flott tiltak som elevrådet har vedteke.

Ungdomssteget går no inn i ein periode med mange prøvar. Her er det viktig med god førebuing, viktig her at  foreldra er gode støttespelarar.

Mange elevar er flinke med refleksbruk, det er flott. Men det er og  eit forbetringspotensiale hjå mange.

Vedlagt ein nyttig artikkel om "skule og heim-samarbeidet" som professor Thomas Nordahl har skrive: Foreldra si deltaking og involvering i elevane sin skulegang..pdf

Ha ei gode helg!

Kjell

Tips ein ven  Skriv ut
Powered by CustomPublish AS