A A A Svart på hvitt - normalt Hvitt på svart

På feltdag med Statens naturoppsyn

20150430_103936
20150430_110452
20150430_111910
20150430_115725
20150430_124046
20150430_131648

Torsdag var 6. klasse invitert til Straumane på feltdag med Statens naturoppsyn, representert av Liv Byrkjeland og Anne Rudsengen og Inger Mo, naturforvaltaren i kommunen. Sno hadde fokus på bos i naturen og korleis dette påverka fuglelivet. Elevane vart såleis oppmoda om å vera barnas naturoppsyn.

Sporty elevar sykla ut i snødrev, mange var våte før me kom ut. Så fekk me og læra litt om å kle oss etter veret :-) I straumane hadde dei sett opp lavo og det var fyr på bålpannene, så etter å ha fått litt varme i kroppen var me klare for ny lærdom. Me fekk vera med på tre ulike postar, natursti, leik der me lærte om verneområder og fuglekikking. Me kunne vera stolte over ein gjeng med engasjerte elevar som fekk mykje ny lærdom denne dagen. Den viktigaste lærdommen fekk me kanskje då me såg kor mykje bos dei hadde plukka kunn på kort tid langs Hafslovatnet. Og dette var "vaksenbos". Me plukka og ein heil del bos i Straumane denne dagen. Tusen takk til Statens naturoppsyn for ein flott og lærerik dag, trur alle 6. klassingane på Hafslo ynskjer å vera barnas naturoppsyn i framtida!

Tips ein ven  Skriv ut
Powered by CustomPublish AS