A A A Svart på hvitt - normalt Hvitt på svart

Reiskap - kva er det?

I samfunnsfag har me gjort oss ferdig med istid og steinalder, og fortsett å jobba med reiskap både frå gamle dagar og no i dag.
IMAG1225_864x487
IMAG1239_640x1135
IMAG1225_864x487
Tysdag hadde Hilde med seg ei stor veske med ulike reiskap frå fortid og notid.
Me plukka fram eitt og eitt og snakka om kva det var, kva det vart bruka til, kva det var laga av og om det var gammelt eller moderne.
Til slutt skulle me finne ut kva som var felles med alle tinga som låg på pulten.
Det var ikkje enkelt å finna ut at det einaste fellesordet var reiskap!

Spennande var det og med engajerte elevar vart det mange gode samtalar og historier kring ulike reiskap.

I dag bruka me eitt av reiskapa og laga flotte snøkrystallar som heng i vindauget.
Sjå på biletet kor fint Molden og Lusterfjorden speglar seg mellom krystalla!

Neste veke skal elevane ta bilete av reiskapet sitt.
Så skal me laga kvar vår bruksanvisning til reiskapet "vårt".
Denne håpar me vi blir ferdige med til kulturøkta!
Tips ein ven  Skriv ut
Powered by CustomPublish AS