A A A Svart på hvitt - normalt Hvitt på svart

Så var me i september........

Tida flyg, og brått var me i september.

Blåbærskogen
1
kano 7

 

Klassane er godt i gang, og rutinane har sett seg. Me har eit mål om at klassane skal bruke sine eigen heimesider for å formidle aktiviteten i klassen. Som de ser der, så har fleire av klassane lagt ut "reportasjar" frå aktivitetar denne veka. 1.-2. klasse har vore på tur rundt i bygda, 3.-4. klasse har vore på blåbærplukking(..og eting). Aldersblanda på mellomsteget er i godt i gang, hadde elevar på flott kanoaktivitet tysdag. 10. klasse reiser laurdag (avreise kl 05.00...så tidleg opp) til Polen. Me ynskjer dei god tur, og me tek gjerne i mot tekst og bilde undervegs frå turen.

Foreldremøta som har vore så langt, har hatt godt frammøte og ei aktiv deltaking - det tykkjer me er flott.

Då får de ha ei gode helg!

 

Kjell

 

 

Tips ein ven  Skriv ut
Powered by CustomPublish AS