A A A Svart på hvitt - normalt Hvitt på svart

Siste skuledag før ferien

I dag har me rydda siste rest , så no er det ganske tomt i klasserommet.
Som avslutning hadde Svein laga skattekart....
bilde (21)_800x600
bilde (2)_800x600
No lakkar det mot slutten av dette skuleåret, og den siste dagen har me bruka godt!
Først rydda me bort alt me ikkje rakk i går; noko gjekk i bos medan andre ting finn de i sekkane.
Etterpå kosa me oss litt med teikning, dans og smartboard før Svein kom med skattekart!
Alle elevane fekk kvar sitt kart, og måtte leita på skuleområdet for å finna sin skatt.
Det er ikkje alltid like lett å orientera seg etter kart, men etter at Svein gjekk nøye gjennom kva alt på kartet var, fann alle skatten sin.
God sommarferie, så sjåast vi igjen 19. august.
Tips ein ven  Skriv ut
Powered by CustomPublish AS