A A A Svart på hvitt - normalt Hvitt på svart

Skrik på Skjolden

Tysdag var vi nede og tok bilete av elevane på brua, og i dag skulle bileta brukast til å laga skisse på lerret.

Konsentrerte kunstnarar
Konsentrerte kunstnarar
Lett å sjå konturane gjennom glaset
Lett å sjå konturane gjennom glaset
Hjelpemiddel er lov
Hjelpemiddel er lov
Ikkje lett å overføra blyantstreka til lerret
Ikkje lett å overføra blyantstreka til lerret

Først hengde vi opp bileta att fram på glaset slik at vi fekk hjelp av lyset til å sjå konturane.

Vi teikna fjell, bru, personar og anna vi såg frå baksida. Vi måtte bruka ganske sterk strek, for denne streken skulle overførast til lerret etterpå.

For å få til det, la vi biletet oppå lerretet og teikna frå den "rette" sida. Nokon måtte teikna streka sine på baksida enno tydelegare, andre fekk kopi med ein gong.

Dette skal bli skisse til eit måleri, vi er veldig spente på resultatet!

Tips ein ven  Skriv ut
Powered by CustomPublish AS