A A A Svart på hvitt - normalt Hvitt på svart

Skuleåret 2020-21

Skulestart 17. august 2020

Måndag 17. august hadde me ei flott markering av nytt skuleår, i fullt solskin, med god varme og flagget til topps!

Elevane i 1.,2.,3.,4. og 6. klasse møtte ute i amfiet på nedsida av skulen. Dei andre klassane møtte ved sine inngangar og blei der møtt av sine lærarar.

I år har me 18 fyrsteklassingar og 218 elevar på skulen. Veldig kjekt å møte elevane, og ynskje dei og føresette velkommen til skulen vår. Me starta markeringa med "Her er me på Hafslo skule", Pals sangen vår, og elevar og vaksne stemde i. Då er skuleåret i gong og me gler oss over elevaktiviteten både inne og ute:-)

skulestart2020-1
skulestart2020-2
skulestart2020-3
Tips ein ven  Skriv ut
Powered by CustomPublish AS