A A A Svart på hvitt - normalt Hvitt på svart

Mykje som skal koma i rutine att...

Skulestart

Nå har me gått på skulen i to veker allereie, og det er mykje me skal hugse på, og som skal koma i gjenge att etter ein lang og god sommarferie.

Alle i huska
Alle i huska
Våte kne
Våte kne
Gutta boys
Girl power
Foran målet
Foran målet
Garderobesjekk
Garderobesjekk

Flaggheising og ta klassebilete er standard, og ein fin tradisjon fyrste skuledagen. Alle kjem i ei ny gruppe og ny samansett klasse, så det er ikkje berre 1.klassingane som har litt ekstra sommarfuglar i magen...

Me har kome godt i gang med både fag og lekser, og me jobbar ekstra med korleis me vil ha det i klassen. Alle er einige i at me skal vera snille med og støtte kvarandre, og korleis er me/gjer me det? Det har me snakka mykje om! Me veit allereie kva me vil gjere for å illustrere dette, men me vil ikkje røpe korleis med ein gong. Noko skal presenterast på kulturøkta før haustferien, så me må vere kreative og jobba godt.

Orden er ein annan ting som har stått på programmet, og me måtte ha ein runde i garderoben og sjekke alt som ikkje var teke med i vår. No er det fint i garderoben, og slik må me prøva å halde det så godt me kan! Ei av ordensoppgåvene i klassen er å sjekka korleis det er i garderoben, så her håpar me at ein slepp å masa veldig...

Tips ein ven  Skriv ut
Powered by CustomPublish AS