A A A Svart på hvitt - normalt Hvitt på svart

Solrik tur til Simosete

Ein morgonfrisk gjeng tok turen til Simosete og Turrli i dag. Ein veldig kjekk start på skuleåret for mellomsteget. Varmt og godt var det også.

11880185_10155942696740300_1155767013_n
11897116_10155942696680300_2070695920_n
11911718_10155942696735300_1485990238_n
11911885_10155942696710300_1668782553_n
11913216_10155942696665300_1519165441_n
11924678_10155942696700300_440571196_n

Elevane skravla og gjekk i kvar sitt tempo opp til Simosete. Me hadde god tid og alle fekk ein lang lunsj. Nokre tok turen vidare til Turrli, medan andre vart igjen på Simosete og leika blant anna "Boksen går". Me såg sauer, kyr, orm og frosk på vegen. Me skreiv oss i boka og gjekk ned igjen Svinakleiv. Litt klatring og hopping måtte til, men det gjekk kjempefint. Takk for turen, alle saman. 

Tips ein ven  Skriv ut
Powered by CustomPublish AS