A A A Svart på hvitt - normalt Hvitt på svart

Takk for i år, og god sommar!

Tida går fort, skuleåret er over, og  me ynskjer alle ein fin sommarferie.

FEST1
FEST2
FEST3
FEST4
FEST5[1]
FEST6
FEST7

Då er skuleåret slutt, elevar og tilsette tek ein velfortent sommarferie.

Siste veka har vore prega av avslutningar, praktiske aktivitetar og rydding.

Mellomsteget var måndag til tysdag på overnattingstur i Solvorn. Her fekk dei  møte "Solvornveteranane" Magnar Høyum og Arne Kvalen som fortalde dei mykje spennande frå livet i Solvorn i eldre tider. Dei laga seg teltleir på Solvorn oppvektsenter, der dei og hadde ulike aktivitetar. Ein kjekk tur for alle dette

10. klasse hadde sin tradisjonelle avslutningsfest onsdag. Her var det underhaldningsinnslag, talar, kaker og utdelig av vitnemål. Me takkar 10. klasse-elevane for samarbeidet og innsatsen, og me ynskjer dei lukke til vidare!

Elevane fekk med seg tre "hugselekser" i sommar:

-dei skal lese.  Oppmodar om deltaking i biblioteket sin "Sommarles"

-me ynskjer at elevane skriv(og sender) eit postkort til skulen frå sommaropplevingar

-me vil at elevane bidreg heime med hjelp til foreldra, husarbeid ute & inne td.

Takkar alle for dette skuleåret, og me ynskjer dykk  ein  god sommar!

Velkomne til nytt skuleår måndag 17. august kl 08.30.

 

Med helsing

frå alle tilsette ved Hafslo barne- og ungdomsskule

Tips ein ven  Skriv ut
Powered by CustomPublish AS