Tilbod om all særskilt språkopplæring er frivillig for eleven. Skulen pliktar å undersøkje eleven sine ferdigheiter i norsk før det kan fattast eit enkeltvedtak om særskilt språkopplæring. Rektor ved den enkelte skule fattar enkeltvedtak etter samtykke frå elev/føresette. Elevar kan etter fylte 15 år sjølv samtykke til at det vert gjort enkeltvedtak om særskilt språkopplæring. Enkeltvedtaket kan kun gjelde for inntil eit skuleår om gangen.
Samtykkeskjema for at det skal kunne fattast enkeltvedtak om særskilt språkopplæring kan du få ved å kontakte rektor ved skulen der barnet ditt går. Dersom særskilt språkopplæring er aktuelt for ditt barn, så vil rektor invitere barnet og føresette til ein velkomstsamtale for å informere om ordninga med særskilt språkopplæring og for å få barnet og foreldra sine synspunkt om ei eventuell særskilt språkopplæring og forsterka norskopplæring.
Forsterka norskopplæring
Særskilt språkopplæring skal alltid bestå av forsterka opplæring i norsk. Forsterka norskopplæring er ei styrka og tilpassa opplæring i og på norsk for elevar i grunnskulen som har eit anna morsmål enn norsk og samisk. Retten til forsterka norskopplæring gjeld for elevar som ikkje har tilstrekkeleg kompetanse i norsk til å følgje ordinær opplæring i skulen. Det er ikkje fastsett kor mange år elevar kan få vedtak om særskilt språkopplæring, men særskilt språkopplæring skal vere ei overgangsordning til elevane har opparbeidd seg gode nok kunnskapar til å følgje ordinær opplæring.
Morsmålsopplæring
Nokre elevar kan i tillegg til forsterka norskopplæring ha behov for morsmålsopplæring og tospråkleg opplæring i fag for å lære seg norsk, og for å kunne utvikle seg i faga.
Morsmålsopplæring er opplæring i og på eleven sitt eige morsmål. Elevar med svært avgrensa kompetanse i norsk vil kunne ha rett til morsmålsopplæring i ein overgangsperiode.
Morsmålsopplæring skal sjåast i samanheng med dei opplæringstilboda eleven elles får.
Kommunen kan gjere vedtak om at eleven skal få opplæringa i morsmål på ein annan skule enn den eleven går på, sjå opplæringslova § 3-6. Dette heng saman med at morsmålsopplæring blir gjeve i tillegg til det ordinære timetalet.
Dersom kommunen og skulen ikkje kan skaffa eigna undervisningspersonell som kan gje morsmålsopplæring, skal dei strekke seg langt for å leggje til rette for anna opplæring tilpassa elevens sine føresetnader.
Tospråkleg fagopplæring
Tospråkleg fagopplæring er opplæring i fag på norsk og på eleven sitt morsmål. Elever med svært avgrensa kompetanse i norsk vil kunne ha rett til tospråkleg fagopplæring i ein overgangsperiode. Kartlegging av eleven sin norskkompetanse avgjer eleven sin eventuelle rett.
Dersom skulen ikkje kan skaffe eigna lærarar som kan gje tospråkleg fagopplæring skal eleven få tilrettelagt opplæring tilpassa sine føresetnader.
Tospråkleg fagopplæring skal leggjast til eleven sin nærskule.
Fjernundervisining
Dersom skulen eleven går på ikkje har eigna undervisningspersonell, kan eleven få morsmålsopplæring og tospråkleg opplæring i fag som fjernundervisning. Eleven skal i utgangspunktet vere på skulen når dei får fjernundervisning. Kontakt rektor ved skulen der barnet ditt bur, for å forhøyre deg om fjernundervisning er aktuelt for ditt barn.