Finn ut kven du kan hjelpe – og kven du kan få hjelp av

Samarbeid og fellesskap er viktig i kriser. Snakk med dei rundt deg om kva som kan skje, og korleis de kan klare dykk saman. Oppdater ditt eige beredskapslager – og få deg ein beredskapsven!

I veke 44 vert Egenberedskapsuka 2025 arrangert. Målet er å auke folks medvit og kunnskap om eigenberedskap, slik at fleire gjer førebuingar. Det gjer både deg og lokalsamfunnet betre rusta til å handtere kriser og hendingar som kan oppstå – til dømes langvarige straumbrot, slik fleire opplevde under ekstremvêret Amy.
Men ingen treng å gjere alt åleine. Det kan vere lurt å samarbeide med vener, familie eller naboar om eigenberedskap. Snakk gjerne med dei rundt deg om korleis de kan klare dykk saman dersom straumen, internett eller mobilnettet blir borte. Det er for eksempel lurt å ha ein plan for korleis ein skal halde varmen.

DSB - Beredskapsvenn - venn sit i lagerhylla i heimen - Klikk for stort bileteDSB - Beredskapsvenn Sigve Aspelund / DSB

Dette kan beredskapsvener hjelpe kvarandre med

  • førstehjelp ved skadar
  • omsorg og støtte
  • opphald og overnatting ved evakuering frå eigen bustad
  • omsetjing og forklaring av informasjon frå styresmaktene
  • praktisk hjelp til bruk av utstyr og reiskapar
  • innkjøp, bering og transport
  • bytte eller byte¬lån av utstyr og varer
  • lån av mobiltelefon som er kopla til eit anna nett enn ditt
  • felles matlaging

 

Sjekkliste for eigenberedskap

Under finn du døme på ting det er lurt å ha heime. Du bør med jamne mellomrom gå gjennom behova dine og oppdatere lageret ditt. Hugs at det er fint mogleg å samarbeide med familie, vennar og naboar om eigenberedskap.

Last ned sjekkliste

Mat og vatn 

  • Reint drikkevatn lagra på dunkar eller flasker. 
  • Mat som toler å bli lagra i romtemperatur. 
  • Grill, kokeapparat eller stormkjøken. 
  • Ekstra gassbehaldar eller brennstoff. 
  • Mat og vatn til kjæledyr. 
  • Litt kontantar og fleire betalingskort.


Informasjon 

  • DAB-radio som går på batteri, sveiv eller solceller. 
  • Batteri og opplada batteribank. 
  • Liste på papir med viktige telefonnummer som til dømes naudnummer og nummera til legevakt, veterinær, familie, vennar og naboar.


 

Varme og lys 

  • Varme klede og pledd, dyner eller soveposar. 
  • Fyrstikker og stearinlys. 
  • Ved – dersom du har vedomn eller peis. 
  • Gass- eller parafinomn som er berekna på bruk innandørs. 
  • Avtale om overnatting. 
  • Lommelykter eller hovudlykter som går på batteri, sveiv eller solceller.


Legemiddel og hygiene 

  • Legemiddel og førstehjelpsutstyr. 
  • Jodtablettar (gjeld barn og vaksne under 40 år, gravide og ammande). 
  • Hygieneartiklar i form av våtserviettar, handsprit, bleier, toalettpapir, bind og tampongar.

Fakta om Egenberedskapsuka 2025

  • Ei årleg kampanjeveke med informasjon og aktivitetar om eigenberedskap.
  • Målet er å auke kunnskapen og medvitet i befolkninga, slik at fleire gjer konkrete førebuingar for å klare seg sjølve i éi veke.
  • Uka er eit initiativ frå DSB, men kommunar, sivilforsvarsdistrikt og frivillige organisasjonar over heile landet deltek med eigne tiltak og aktivitetar.
  • Årets tema er felles eigenberedskap – beredskapsvenn.
  • dsb.no/egenberedskap finn du mange gode tips om korleis du kan styrkje di eiga beredskap.