Skulemiljø

Alle barn har rett til eit trygt og godt skulemiljø som fremjar helse og trivsel. Dette har alle tilsette på skulen ansvar for.

Kapittel 12 om skulemiljø i opplæringslova er elevane si arbeidsmiljølov. Det er tydelegare krav og forventningar til kva skulen skal gjera, og reglane gjeld i skuletida, i leksehjelp og  SFO. Det er lovfesta nulltoleranse mot mobbing. 

Elevar eller føresette som treng nokon å snakka med om uro kring det psykososiale miljøet eller mobbing, kan snakka med kontaktlærar eller rektor på den einskilde skule. Du kan også kontakta helsestasjonen på telefonnummer 57 68 56 05. 
 

Retten til eit trygt og godt skulemiljø 
For å sikra elevane sine rettar om trygt og godt skulemiljø har skulen ei aktivitetsplikt. Etter opplæringslova kap. 12 så inneber aktivitetsplikta at skulen skal følgje med, gripe inn, melde frå, undersøkje og setje inn tiltak når elevar ikkje har det trygt og godt på skulen.  
 
Skulane skal arbeide systematisk med å skape gode skule- og læringsmiljø. Ein del av dette arbeidet inneber at skulane kartlegg elevane sin trivsel. I Luster kommune nyttar ein kartleggingsverktøyet Spekter Digital i tillegg til dei nasjonale undersøkingane Elevundersøkinga (kvar haust) og UngData (kvart tredje år). Trivsel, skulemiljø og fråvær er elles faste tema på dei tverrfaglege møta mellom skule, skulehelsetenesta, PPT og barnevern (HSP-møte).  

Kommunalt skulemiljøteam 
Luster kommune oppretta hausten 2026 eit kommunalt skulemiljøteam. Skulemiljøteamet skal gje skulane i Luster oppfølging og rettleiing når det gjeld systematisk skulemiljøarbeid, sikre rask innsats der det er særskilte utfordringar i skulemiljøet og rådgje skulane i det førebyggjande arbeidet.

Statsforvaltar
Dersom elev eller føresette melder frå om at eleven ikkje har det bra på skulen, må skulen laga ein skriftleg plan som seier kva som skal skje for at eleven skal få det trygt og godt. Denne planen skal føresette og elev ha medverka til og uttala seg om. 
Dersom det ikkje har skjedd noko innan ei veke etter at elev eller føresett har meldt frå, kan eleven eller føresette kontakta statsforvaltaren, som vurderer om skulen har gjort det den skal med tanke på å retta opp situasjonen med eigna tiltak og laga ein aktivitetsplan.

Statsforvaltaren i Vestland: Ein trygg skuledag utan mobbing

Mobbeombod
Mobbeombodet er eit tilbod til alle barn og unge, og deira foreldre, som opplever å ikkje ha det bra i barnehagen eller på skulen. 
Informasjon om mobbeombodet i Vestland


Andre aktuelle nettstader:
Utdanningsdirektoratet si informasjonsside til barn, unge og føresette om mobbing og rettar: https://www.udir.no/nullmobbing/

Senter for IKT i utdanningen si nettside om personvern, nettvett og digital dømmekraft:
http://www.dubestemmer.no/