BuLust

BuLust-prosjektet er eit prosjekt i regi av Luster kommune, med ein prosjektleiar som er tilsett i ein treårsperiode. Målet med prosjektet er å arbeide med tiltak som kan få fleire til å bli buande i Luster, og korleis få folk til å flytte til Luster.

Prosjektet skal skape eit samarbeid mellom entreprenørar, bygdalag, innbyggjarar og andre for å fremje busetjing i Luster.

Me skal fokusere på fire satsingsområde i prosjektet:

  • Tettstadsutvikling
  • Omsetjing av lite nytta bustadmasse 
  • Omsetjing av ledige tomter
  • Nye bukonsept/transformasjon av bygg 

Alle innbyggjarar i Luster og potensielle tilflyttarar kan gi innspel til prosjektet, og spesielt i form av ei spørjeundersøking som vil bli sendt ut våren 2026. Me ynskjer å bruke dette materialet for å meir svar på kva ein skal satse på i årene framover. 

Ta kontakt med prosjektleiar for BuLust, 
Lisa Kvålshaugen Bjærum, på e-post: lisa.kvalshaugen.bjerum@luster.kommune.no, om du har innspel. 

Spørjeundersøking

Jostedalen - Klikk for stort bilete

Hjelp oss med å svare på BuLust-undersøkinga for å kartlegge buførehald og framtidige behov i lokalsamfunnet vårt. 
The survey is also in English.

Spørjeundersøking/survey

Kjøpe eller selje eigedom i Luster

Hus i Solvorn - Klikk for stort bilete

Luster kommune ynskjer å skape eit direkte samarbeid mellom kjøpar og seljar av eigedom slik at marknaden for eksisterande eigedomar blir meir tilgjengeleg. 

Fyll ut skjema her

Lyst til å kjøpe ny bustad? 

Beheim 2, Hafslo - Klikk for stort bilete

Her finn du info om startlån, startlån for fyrstegongsetablerarar, og tilskot frå Husbanken.

Les meir og søk her