Ungdomslos

Målet med ungdomslosarbeide er å hjelpe ungdom som har utfordringar med å fullføre skuleløpet med å auke skulenærvær, betre skuleprestasjonar og å fullføre skuleløp.

Ungdomslosar - Klikk for stort bileteUngdomslosane i Luster kommune Ørjan Talle

Kva kan ungdomslosen hjelpe til med? 

  • Følge opp ungdom mellom 10 og 24 år (§ 4.7)
  • Arbeide for å styrke skuletilknytning, trivsel og meistring
  • gi tett og tilrettelagt oppfølging i form av motivasjonsarbeid og rettleiing i og utanfor skulen og i overgangen mellom ulike fasar i opplæringsløpet
  • vere tilgjengeleg og til stades på barnas og ungdommanes egne arenaer (skule, heim og fritid)
  • hjelpe og motivere barn og ungdom i kontakt med nødvendige hjelpetjenester
  • bidra til at hjelpen som gis i skolen og av andre aktører er heilhetlig og tilrettelagd
  • ved behov samarbeide med føresette og andre viktige personar i ungdommens nettverk.

 

Ungdomslosen skal hjelpe ungdom når dei sjølv ynskjer det og kan møte ungdomen på
deira arena, samt vere til stades når ungdomen treng nokon å snakke med.

Korleis kome i kontakt med ungdomslosen?

I skuleåret 25-26 vil me vere eit team på 3 ungdomslosar. Armando vil som før vere knytt til begge ungdomsskulene og barneskulene i kommunen. 
Ragnhild vil i hovudsak vere knytt til Hafslo barne- og ungdomsskule og Lotte til Gaupne barneskule og Luster ungdomsskule.

 

Fleire ungdomslosar i Luster

Frå i haust har Luster kommune eit team med tre ungdomslosar. Dei jobbar til saman i 110% stilling. 

Armando, Ragnhild og Lotte er kommunen sine tre ungdomslosar

Armando vil som før vere knytt til begge ungdomsskulane og barneskulane i kommunen. 
Ragnhild vil i hovudsak vere knytt til Hafslo barne- og ungdomsskule og Lotte til Gaupne barneskule og Luster ungdomsskule.

Armando Navarro - Klikk for stort bilete

Armando Navarro
Armando har vore ungdomslos i Luster sidan 2019. Han er også å sjå på ungdomsklubben, Rocket- Man mm. Han er utdanna bachelor i friluftsliv og har vidareutdanning i aktiv omsorg. Armando er mentor for førebygging av radikalisering og sertifisert kurshaldar for personar som veks opp krysskulturelt.

Ragnhild Mølvik - Klikk for stort bilete

Ragnhild Mølvik
Ragnhild er utdanna grunnskulelærar. Ho har fleire år med erfaring frå 1.-10. trinn i skulen, frå barnehage og har også videreutdanning i spes.ped.

Lotte Malterud Grøndahl - Klikk for stort bilete

Lotte Malterud Grøndahl
Lotte er utdanna lektor innan idrett og friluftsliv. Ho har jobba fleire år som høgskulelektor i Sogndal med idrett, friluftsliv, fysisk aktivitet og helse, arbeida innan psykisk helsevern, og med born og unge i barnehage og i ulike friluftsaktivitetar.

Kva gjer ein ungdomslos

Ungdomslosen skal hjelpe ungdom når dei sjølv ynskjer det og kan møte ungdomen på deira arena, samt vere tilstades når ungdomen treng nokon å snakke med.
Målet med ungdomslosarbeidet er å hjelpe ungdom som har utfordringar med å fullføre skuleløpet med å auke skulenærvær, betre skuleprestasjonar og å fullføre skuleløp