UngdomslosMålet med ungdomslosarbeide er å hjelpe ungdom som har utfordringar med å fullføre skuleløpet med å auke skulenærvær, betre skuleprestasjonar og å fullføre skuleløp.Kva kan ungdomslosen hjelpe til med? Følge opp ungdom mellom 10 og 24 år (§ 4.7)Arbeide for å styrke skuletilknytning, trivsel og meistringgi tett og tilrettelagt oppfølging i form av motivasjonsarbeid og rettleiing i og utanfor skulen og i overgangen mellom ulike fasar i opplæringsløpetvere tilgjengeleg og til stades på barnas og ungdommanes egne arenaer (skule, heim og fritid)hjelpe og motivere barn og ungdom i kontakt med nødvendige hjelpetjenesterbidra til at hjelpen som gis i skolen og av andre aktører er heilhetlig og tilrettelagdved behov samarbeide med føresette og andre viktige personar i ungdommens nettverk. Ungdomslosen skal hjelpe ungdom når dei sjølv ynskjer det og kan møte ungdomen pådeira arena, samt vere til stades når ungdomen treng nokon å snakke med.Korleis kome i kontakt med ungdomslosen?Privatpersonar, skular eller andre offentlege tilsette kan ta direkte kontakt med ungdomslosen. I skuleåret 25-26 vil me vere eit team på 3 ungdomslosar. Armando vil som før vere knytt til begge ungdomsskulene og barneskulene i kommunen. Ragnhild vil i hovudsak vere knytt til Hafslo barne- og ungdomsskule og Lotte til Gaupne barneskule og Luster ungdomsskule