Krisereaksjonar er normale reaksjonar på unormale hendingar. Ingen reagerer heilt likt i ein akutt situasjon. Reaksjonane varierar frå person til person, og det gjeld sjølv om ein har opplevd den same krisesituasjonen.
Ved ekstreme belastningar som gjev akutt psykiske symptom er reaksjonsmønsteret vårt avhengig av fleire forhold, om ein er barn eller vaksen, om vi er i kjende eller ukjende omgjevnader, om vi er alene eller saman med andre. Reaksjonane oppstår for å beskytte oss mot den nye og brutale røynda.
Det er viktig å gje god og forståeleg informasjon om vanlege psykiske reaksjonar, sånn at personen forstår kva som skjer og kvifor. Det er også viktig å sørge for god ivaretakande omsorg frå personen sitt sosiale nettverk og ved behov frå hjelpeapparat.
Det å kjenne til vanlege reaksjonar ved krisehending, kan styrke den ramma personen sin eiga evne til sjølv å handtere krisa.
Vanlege akutte reaksjonar etter ei traumatisk hending er:
Endret medvit- kognitive reaksjonar
- Følelsen av at tida står stille
- Uverkelegheitsfølelse «Dette skjer ikkje meg»
- Oppleve å vere «på sida av seg sjølv»
- «Det skjer som i ein film»
- Vaktsomheit og varheit
- Detaljhukommelse eller redusert hukommelse
Kroppslege symptomer
- Kvalme og oppkast
- Munntørrheit
- Svetting og skjelving
- Hjertebank og pustebesvær
- Svimmelheit
Emosjonelle reaksjonar- følelsesutbrot
- Angst
- Sinne
- Gråt
- Latter
- Uro
- Kaosfølelse
- Atferdsreaksjonar- endra oppførsel
- Rastløsheit
- Overaktivitet
- Irritabilitet
- Skvettenheit
- Initiativløsheit
- Apati
- Søvnvanskar