Alle dyr som døyr utanom ordinær jakt kallast fallvilt. Dei blir registrert i hjorteviltregisteret. Det omfattar fallvilt av hjortevilt og eit utval av andre artar. Særleg er det viktig å registrere dyr som er påkøyrt i trafikken, for å kunne vurdera kva vegstrekningar som treng sikkerheitstiltak.
Ved funn av fallvilt ynskjer kommunen at du tek kontakt med viltvakta. Luster kommune v/fjelloppsyn Runar Hatlevoll tek prøvar av alle fallvilt på hjortedyr. Det er derfor viktig at jegerane og andre rapporterer om funn av kadaver eller skrantande dyr til oppsynet. Dette kan du rapportere inn til viltvakt på:
Mobil: 90 77 56 56
E-post: runar.hatlevoll@luster.kommune.no eller post@luster.kommune.no