Arbeidsstad, arbeidstid og pause
Arbeidsstad står i tittelen på din arbeidsavtale.
Arbeidstidsordningar
Kommunen nyttar ulike arbeidstidsordningar avhengig av stilling og tenesteområde. Kva arbeidstidsordning som gjeld for den enkelte arbeidstakar går fram av arbeidsavtalen.
For stillingar der arbeidstida varierer, blir arbeidstida fastsett i arbeidsplan (turnus eller arbeidsplan). Arbeidsplanen viser når den enkelte arbeidstakar skal arbeide, og blir utarbeidd og endra i samsvar med arbeidsmiljølova og gjeldande tariffavtalar.
1. Dagarbeid med kjernetid og fleksitidsordning
Gjeld administrativt tilsette, leiarar og andre stillingar som er omfatta av fleksitidsordninga.
Arbeidstida er organisert med kjernetid og fleksitid. Arbeidstakar kan innanfor fastsette rammer variere tidspunktet for når arbeidsdagen startar og sluttar. Arbeidstid skal registrerast, og nærare reglar om kjernetid, fleksitid, avspasering og registrering følgjer av kommunen sitt til ei kvar tid gjeldande arbeidstids-/fleksitidsreglement.
2. Dagarbeid utan kjernetid
Gjeld stillingar der arbeidstida er fastsett etter arbeidsplan eller fast arbeidsdag.
Arbeidstida er normalt lagd til dagtid med fast start- og sluttid. Det er ikkje fleksitidsordning. Eventuelle endringar i arbeidstida skjer etter avtale eller arbeidsplan. Nærare reglar følgjer av kommunen sitt arbeidstidsreglement og eventuell arbeidsplan.
3. Turnusarbeid
Gjeld stillingar i omsorgstenesta der arbeidstida er organisert i turnus.
Arbeidstida varierer mellom vakter i samsvar med arbeidsplan/turnus. Turnus kan omfatte arbeid på dag, kveld, natt, helg og høgtidsdagar, avhengig av den enkelte arbeidsplanen. Arbeidsplan blir utarbeidd i samsvar med arbeidsmiljølova, tariffavtale og kommunen sine reglement. Nærare reglar går fram av gjeldande turnusreglement.
4. Turnus med langvakter
Gjeld einingar i omsorgstenesta som har godkjend ordning med langvakter.
Arbeidstida er organisert i turnus med vakter på normalt minst 12 timar. Ordninga byggjer på særskilt avtale eller godkjenning etter gjeldande regelverk. Arbeidstida varierer etter arbeidsplan. Nærare reglar går fram av kommunen sitt turnusreglement.
5. Dagarbeid med arbeid delvis etter kl. 17.00
Gjeld stillingar der delar av den ordinære arbeidstida er lagd til ettermiddag eller kveld.
Den alminnelege arbeidstida er normalt 37,5 timar per veke. Arbeidstida blir fastsett gjennom arbeidsplan eller avtalt arbeidstid og kan omfatte arbeid etter kl. 17.00. Nærare reglar følgjer av kommunen sitt arbeidstidsreglement og eventuell arbeidsplan.
6. Pedagogisk personale i grunnskulen
Gjeld lærarar, undervisningsinspektørar og rektorar.
Arbeidstida er regulert gjennom sentrale tariffavtalar og særavtalar for undervisningspersonale, og er ikkje omfatta av kommunen sitt arbeidstids-/fleksitidsreglement. Arbeidstida blir fastsett i samsvar med gjeldande avtaleverk og arbeidsplan.