Denne kartlegginga gjeld fast tilsette i alle einingar i Luster kommune
Til kartleggingsskjema
Luster kommune arbeidar systematisk og kontinuerleg med å redusere deltid, eit arbeid som vert styrt/regulert av lov, avtaleverk og lokale retningsliner.
Hovudtariffavtalen seier at alle kommunar skal arbeide for å fremje heiltidskultur og lage lokale retningsliner for dette. Luster kommune har laga lokale retningsliner. Luster kommune kartlegg kvart år kor mange fast tilsette i deltidsstilling som ynskjer auka stilling.
Informasjon og lenke til kartleggingsskjema blir sendt på e-post til alle tilsette, men berre fast tilsette kan registrere ynskje om auka stilling. Berre fast tilsette i deltidsstilling som er villige til å ta i mot tilbod om auka stilling også ved anna arbeidsstad enn der dei alt jobbar skal registrere seg.
Kartlegginga gjeld ikkje som søknad på ledige stillingar. For å stå som søkar på ledige stillingar må ein søke på utlyste stillingar. Kartlegginga blir nytta til å få oversikt over kor mange fast tilsette som ynskjer auka stilling, i arbeidet for heiltidskultur og til rapportering til politikarane og arbeidstakarorganisasjonane.
Kartlegginga vert gjennomført elektronisk. Kartleggingsskjema vil vere tilgjengeleg på Teams (Luster kommune teamet) og via heimesida (For tilsette).
i perioden:
23.november – 13.desember 2026
Har du spørsmål eller treng du hjelp til kartlegginga kan du ta kontakt med :
Margunn Hillestad, tlf 991 07 174, margunn.hillestad@luster.kommune.no
Olaug Marie Bjelde, tlf 482 82 470, olaug.marie.bjelde@luster.kommune.no
Gaupne, november 2026
Kommunedirektøren