Signer arbeidsavtale
Ved tilsetjing i Luster kommune vil du få arbeidsavtale sendt ut elektronisk og du signerer elektronisk. Teieplikt er eit punkt i arbeidsavtalen.
Du kan sjølv sjå om du har avtalar til signering på: https://signering.posten.no/
Luster kommune nyttar Posten sin signeringsteneste, dette er ei eiga teneste og må ikkje forvekslast med Posten, Digipost eller Altinn o.l.
Om du får varsel på at du har eit nytt signeringsoppdrag avheng av kva du har oppgitt av kontaktinformasjon i Kontakt- og reservasjonsregisteret. Sjølv om du ikkje mottek varsel kan du logge deg på og signere direkte hos Posten sin signeringsteneste.
Du kan lese meir om det her, samt sjekke kva du har lagt inn.
https://eid.difi.no/nb/kontakt-og-reservasjonsregisteret