Skattekista bruktbutikkSkattekista – frå meg til deg Informasjon om korleis du booker plass til varane dine i butikken: Leig ein hylleplass og periode Trykk på "Leig ein hylleplass". Der vel du kor mange mnd. du ønskjer å leige, og når du vil starte leigeperioden. Registrer varene dine Logg inn på "Min butikk". Første gong du loggar inn, trykkjer du på "Meld deg på no" og lagar ein brukar. Finn bookinga di og registrer varene du vil selje. Det er viktig at du beskriv dei godt og sett ein passande pris på plagget. Lever og pris varane i butikken Når leigeperioden startar, kjem du til butikken med varene dine. Du får utdelt klistrelappar med pris og strekkode for det du har registrert, som du fester på rett plagg. Du får også kleshengarar og det du treng ved ankomst. Me heng opp kleda dine der dei passar i butikken. Følg med på salet Du kan følgje med på salet på "Min butikk" gjennom heile leigeperioden. Der ser du kva du har selt, kor mykje du har tent og kva du får utbetalt. Går salet bra? Kom innom og fyll på med fleire varer så du har 10 varar til sals heile perioden du leiger – det kostar ingenting ekstra! Registrer produkta under «Min butikk». Vi printar ut prisetikettar til dei nye produkta dine når du kjem. Når leigeperioden er over Når leigeperioden er ferdig, kan du forlenge om du ønskjer det og det er ledig plass. Viss ikkje, kjem du og hentar resten av varene dine siste dag. Utbetaling Skattekista betaler ut sal ein gong i månaden, rett inn på bankkontoen din. Du får også ein e-post med oversikt over utbetalinga. NB: Skattekista tar ikkje ansvar for sjålne, tapte eller øydelagde klede. Oppdager me tjuveri eller ombyting av prislappar, eller anna herverk blir det meldt til politiet. Skattekista står ikkje til ansvar ved brann- eller vass-skade. I forbindelse med brann, vass eller innbrotstjuveri kan din innbo-forsikring eventuelt dekke tapet – kontakt ditt forsikringsselskap for meir informasjon. Tips til kva for klede som sel: Ikkje nuppete og synleg slitasje Nyvaska og heilt reint! Gode kvalitet, som rein ull, bomull, silke o.l. sel gjerne betre enn klede av lågare kvalitet 😉 Me ynskjer ikkje klede frå for eksempel Temu og Shein som ein veit er av dårleg kvalitet og dei som lager dei ikkje har gode arbeidsvilkår. Gjerne heimestrikka, heimesydd og liknande! Oppstarts-tilbod: Inntil 10 plagg = 100,- mnd. = 10% provisjon pr. plagg Opningstider:Tysdag kl. 13-16 Onsdag i oddetallsveker kl. 14-19 (samtidig som ungdomsklubben) Torsdag i partallsveker kl. 14-19 (samtidig som ungdomsklubben) Betaling i butikk skjer via VIPPS 😊