Målet er å gi oppfølgjing tilpassa den enkelte brukar sitt behov.
Rusarbeidet omfattar mellom anna å gi råd og rettleiing til personar med rusproblem og setje i verk hjelpetiltak slik at ein kan bli rusfri og eller auke livskvaliteten. Oppfølginga foregår både før, under og etter behandling (ettervern).
Slik tek du kontakt - kva skjer vidare?
Du kan kontakte oss på tlf. 57685634, eller e-post til fagleiar. Dersom du ikkje får svar når du ringer, vil nokon frå tenesta ringa deg tilbake når dei er ledige. NB! Ikkje skriv personsensitive opplysningar i e-post.
Du kan og nytte deg av vårt elektroniske skjema.
Du finn oss i 2.etg på Helsesenteret i Gaupne. Opningstidene er frå kl. 08.00 - 15.30, måndag til fredag.
Postboks 104, 6866 Gaupne.
Etter at du eller ein hjelpeinstans har teke kontakt med psykisk helseteam, vil ein kontaktperson frå oss kontakte deg for kartleggingssamtale(ar). Målet med desse samtalane er å avklara kva hjelpebehov du har, og om psykisk helseteam kan hjelpa deg med dette. Saman med deg lager me ein oppfølgingsplan. I dei fleste tilfella er oppfølginga tidsavgrensa. Nokre treng oppfølging av tenesta over lang tid. Der det er hensiktsmessig samarbeider teamet med andre instansar etter avtale med deg.
Rustenesta kan blant anna:
- hjelpe deg å kartlegge rusproblemet
- gi hjelp til rusmeistring gjennom samtalar og rettleiing
- gi hjelp til meistring av gjeremål i dagleglivet
- bidra til auka livskvalitet i kvardagen
- delta i samarbeid med andre offentlege tenester
Tenesta kan også gi råd og rettleiing til pårørande til personar med rusproblematikk.
Tenesta er gratis.
Huset er eit lågterskeltilbod og sosial møteplass som er åpent to dagar i veka, måndagar kl 10.30-15.00 og onsdagar kl 14.00-18.00. Her vil det vere moglegheit for sosiale aktivitetar, eit måltid, gåtur m.m.
“Torsdagstur” er felles gåtur for brukarar av tenesta annankvar torsdag kl 10.30-13.30. Vi nyttar oss av den flotte naturen i kommunen og turmålet blir avtala frå gang til gang.
Treningstilbod i gruppe på Luster treningssenter tysdagar kl 16.00-17.30 saman med tilsette i psykisk helseteam.
Sjølvhjelpsgruppe rus er ettervernsgruppe med mål om å halda seg rusfri. Torsdagar kl. 12.15 - 14.00.
Blir drive av; Luster kommune og NAV
Målgruppe: Personar med psykiske og/eller rusvanskar som ønskjer og er motivert for ordinært løna arbeid.
Kva: Som deltakar får du oppfølging med jobbspesialist. Gjennom karriereveildening og yrkesplanlegging finn me ditt yrkesmål og jobbar mot det.
Jobbspesialist har samarbeid med arbeidsgjevar for å tilrettelegge arbeidssituasjonen utifrå dine behov. Du vil få oppfølging på og/eller utanom arbeidsplassen. Me jobbar kun mot ordinært lønna arbeid.
Kontakinformasjon; ta kontakt med leiar i psykisk helseteam om du ønskjer å benytte deg av dette.
Pakkeforløpa skal bidra til gode, koordinerte og samanhengande tenester til brukar. Dei skal sikre samhandling mellom brukar, ev. pårørande, fastlege, spesialisthelsetenesta, kommunale helse- og omsorgstenester og andre relevante aktørar.
Dei tre fyrste pakkeforløpa vart lansert i 2018, og teke i bruk frå 1. januar 2019. Det er:
- Pakkeforløp for utredning og behandling i psykisk helsevern, barn og unge
- Pakkeforløp for utredning og behandling i psykisk helsevern, vaksne
- Pakkeforløp for tverrfaglig spesialisert rusbehandling (TSB)
Meir informasjon finn ein på nettsiden til Helsedirektoratet – Pakkeforløp for psykisk helse og rus.
Koordineringa av pakkeforløp er i Luster kommune lagt til koordinerande eining (KE). For nærare informasjon om pakkeforløpa kan ein kontakte KE sin kontaktperson, konsulent for menneske med nesett funksjonsevne, tlf.: 57 68 57 15, kontorstad: Helsesenteret