Kreftkoordinator

Sjukepleiar Marit Eide Melheim er no tilsett i 20% stilling som Luster kommune sin kreftkoordinator. Marit jobbar til dagleg på korttidsavdelinga (KA) ved Gaupne omsorgssenter. 

Nokre av kreftkoordinatoren sine arbeidsoppgåver er:

  • vera ein ressursperson for den kreftramma og deira pårørande
  • gi råd/rettleiing rundt diagnose, behandling, rehabilitering og omsorg ved livets slutt
  • heimebesøk til pasient og pårørande
  • informere om ulike tenester og tilbod innan kreftomsorg
  • bidra til gode rutinar og system for kreftomsorg i kommunen
  • koordinere og tilrettelegge kvardagen for kreftsjuke og pårørande på best mogleg måte, også mot spesialisthelsetenesta.

Tilbodet om kreftkoordinator skal vere eit lågterskeltilbod, der både pasient og pårørande kan ta direkte kontakt. Kreftkoordinator kan kontaktast i alle fasar av sjukdomen og Luster kommune har eigen koordinatortelefon som vert sjekka jamnleg.