Me søker etter positive og engasjerte personar som ønskjer å bidra gjennom å vere frivillig instruktørar til treningsgrupper for seniorar.
Treningsgruppene møtast ein gong per uke på dagtid, og instruktørane vil ha ansvar for ei gruppe kvar. Ein deler på ansvaret for gruppa saman med minst ein annan frivillig, slik at ein kan rullere på å ha timen om ein ynskjer. Potensielle instruktørar vil få opplæring i form av eit kurs over tre dagar. Som instruktør vil ein bli følgt opp av Sterk og stødig-rettleiar i kommunen, og ein blir del av fellesskapet av frivillige instruktørar.
Er det aktuelt for deg eller kjenner du nokon som kan passe til denne oppgåva? Ved interesse eller spørsmål kan du ta kontakt med oss via telefon eller e-post.