Startlån og tilskot

Kommunen tilbyr startlån, tilskot til etablering i eigen bustad og tilskot til tilpassing av bustad. Det er ikkje lenger tilskot til bygging av bustad utanfor kommunalt tilrettelagde tomtar.
Om du har låg inntekt og høge bu-utgifter, kan du søkje bustønad.

Startlån for fyrstegongsetablerarar

Luster kommune er ein av 30 kommunar som er med i ei forsøksordning som  tilbyr «startlån for fyrstegongsetablerarar». Der ein rettar seg mot dei som kjøper seg bustad for fyrste gong, og som har litt eigenkapital. Du treng ikkje å ha registrert adresse i Luster for å søkje, men du må kjøpe bustad i Luster kommune. 

Føremålet er at det skal bli enklare å få bustadlån for personar som har utfordringar med å koma seg inn på bustadmarknaden

Vilkår for å få lån er at:

  • du har fem prosent eigenkapital
  • du kan dokumentere avslag på lån i privat bank
  • du har fast jobb

Som hovudregel kan du ikkje ha eigd bustad før. Det er unnatak om du skal etablere deg på nytt etter ei livskrise; som for eksempel etter samlivsbrot, sambuar/ektefelle sitt dødsfall eller tap av arbeidsevne. 

Nedbetalingstid er maks 30 år. Etter 10 år skal restlånet refinansierast i privat bank eller med ordinært startlån frå husbanken.

Les meir og søk her