Startlån og tilskot

Startlån kan hjelpe deg som har utfordringar med å få vanleg bustadlån. Kommunen tilbyr også tilskot til etablering i eigen bustad og tilskot til tilpassing av bustad. Det er ikkje lenger tilskot til bygging av bustad utanfor kommunalt tilrettelagde tomtar.

Ordninga gjer det mogleg for personar og familiar med stabile, men låge inntekter å kjøpe, behalde eller tilpasse ein eigna bustad. Startlån passar både for deg som skal kjøpe din første bustad, og for deg som i vaksen alder ønskjer å flytte til ein meir eigna eller tilpassa bustad, men som treng litt hjelp for å få det til. Ønskjer du å busette deg i kommunen kan startlån også være ei aktuell låneordning. 

Om du har låg inntekt og høge bu-utgifter, kan du søkje bustønad.

Kva er startlån?

Startlån er ei kommunal ordning som kan hjelpe deg med finansiering når ordinært banklån ikkje strekk til. Lånet kan nyttast til kjøp av bustad, tilpassing/utbetring av bustad, refinansiering for å behalde bustad, eller i enkelte tilfelle oppføring av ny bustad (ikkje byggjelån).

Startlån for fyrstegongsetablerarar

Luster kommune er ein av 30 kommunar som er med i ei forsøksordning som  tilbyr «startlån for fyrstegongsetablerarar». Der ein rettar seg mot dei som kjøper seg bustad for fyrste gong, og som har litt eigenkapital. Du treng ikkje å ha registrert adresse i Luster for å søkje, men du må kjøpe bustad i Luster kommune. 

Føremålet er at det skal bli enklare å få bustadlån for personar som har utfordringar med å koma seg inn på bustadmarknaden

Vilkår for å få lån er at:

  • du har fem prosent eigenkapital
  • du kan dokumentere avslag på lån i privat bank
  • du har fast jobb

Som hovudregel kan du ikkje ha eigd bustad før. Det er unnatak om du skal etablere deg på nytt etter ei livskrise; som for eksempel etter samlivsbrot, sambuar/ektefelle sitt dødsfall eller tap av arbeidsevne. 

Nedbetalingstid er maks 30 år. Etter 10 år skal restlånet refinansierast i privat bank eller med ordinært startlån.

Les meir og søk her