Ordninga gjer det mogleg for personar og familiar med stabile, men låge inntekter å kjøpe, behalde eller tilpasse ein eigna bustad. Startlån passar både for deg som skal kjøpe din første bustad, og for deg som i vaksen alder ønskjer å flytte til ein meir eigna eller tilpassa bustad, men som treng litt hjelp for å få det til. Ønskjer du å busette deg i kommunen kan startlån også være ei aktuell låneordning.
Om du har låg inntekt og høge bu-utgifter, kan du søkje bustønad.
Kva er startlån?
Startlån er ei kommunal ordning som kan hjelpe deg med finansiering når ordinært banklån ikkje strekk til. Lånet kan nyttast til kjøp av bustad, tilpassing/utbetring av bustad, refinansiering for å behalde bustad, eller i enkelte tilfelle oppføring av ny bustad (ikkje byggjelån).
Kommunale retningslinjer for startlån
Søknader om startlån vert handsama etter Forskrift om lån frå Husbanken som tredde i kraft 01.01.2020, kapittel 5. Startlån, og Husbanken sin Veileder for startlån.
Vilkår:
Kommunen kan fastsette eigne retningslinjer i samsvar med forskrifta jf. § 9-1. Veileder, 2. ledd.
1.Søkjar må vera over 18 år.
2.Søkjar må vere busett i Luster kommune.
3.Søkjar må ha budd samanhengande i Luster kommune i eitt år
Startlån for fyrstegongsetablerarar
Luster kommune har fått tilsegn frå Husbanken om å tilby startlån til personar som skal etablere seg for fyrste gong, og som har litt eigenkapital. Du treng ikkje å ha registrert adresse i Luster for å søkje, men du må kjøpe bustad i Luster kommune.
Målet med ordninga er å gje fleire, og betre økonomisk stilte enn dei som får vanleg startlån, moglegheit til å kjøpe eigen bustad.
Vilkår for å få lån er at:
- du har fem prosent eigenkapital
- du kan dokumentere avslag på lån i privat bank
- du har fast jobb
Som hovudregel kan du ikkje ha eigd bustad før. Det er unnatak om du skal etablere deg på nytt etter ei livskrise; som for eksempel etter samlivsbrot, sambuar/ektefelle sitt dødsfall eller tap av arbeidsevne.
Nedbetalingstid er maks 30 år. Etter 10 år skal restlånet refinansierast i privat bank eller med ordinært startlån frå husbanken