Det tverrfaglege leserommet
Nytt læreplanverk for grunnskulen i 2020 innførte tre tverrfaglege tema som elevar skal arbeida med på 1.-10. trinn; demokrati og medborgarskap, folkehelse og livsmeistring, berekraftig utvikling. Desse tre temaa tek utgangspunkt i aktuelle samfunnsutfordringar som krev engasjement og innsats frå einskildmenneske og fellesskapet i lokalsamfunnet, nasjonalt og globalt (Utdanningsdirektoratet).
Prosjektet Det tverrfaglege leserommet i Luster kommune er eit samarbeid mellom folkebiblioteket, oppvekst og skulane. Målet er å bruka litteratur aktivt og styrka opplæringa med tanke på overordna mål som identitet, tilhøyrsle, sjølvforståing og kritisk tenking.
Denne nettsida er meint å vera ein støtteressurs for skulen med lesetips innan dei ulike tverrfaglege temaa. Lesetipsa er delt inn etter ulike alderssteg. Nettsida vil verta oppdatert med jamne mellomrom.
Folkehelse og livsmeistring
Folkehelse og livsmeistring skal gje elevane kompetanse som fremjar god psykisk og fysisk helse. Sentralt innan livsmeistring er det å forstå og å kunna påverka faktorar som har tyding for meistring av eige liv. Arbeid med dette temaet skal bidra til at elevar lærer å handtera både medgang og motgang og utfordringar på ein best mogleg måte. Aktuelle område innafor dette temaet i tillegg til psykisk og fysisk helse, er levevaner, seksualitet og kjønn, rusmiddel, mediebruk, grensesetjing, mellommenneskelege relasjonar, verdival forbruk og personleg økonomi.
Demokrati og medborgarskap
Demokrati og medborgarskap som tverrfagleg tema i skulen skal gje elevane kunnskap om føresetnadane for, verdiane til og spelereglane i demokratiet. Elevane skal kunne delta i demokratiske prosessar og forstå samanhengen mellom demokrati og sentrale menneskerettar som til dømes ytringsfridom, stemmerett og organisasjonsfridom. Samanhengen mellom rettar og pliktar til eit individ vert også vektlagt til liks med dilemma som ligg i å anerkjenna høvesvis retten til fleirtalet og rettane til mindretalet. Å øve opp evna til å tenkja kritisk, å handtera meiningsbrytingar og respektera usemje er også ein viktig del av dette tverrfaglege temaet.
Berekraftig utvikling
Temaet berekraftig utvikling tek føre seg problemstillingar og spørsmål knytte til miljø og klima, fattigdom og fordeling av ressursar, konfliktar, helse, likestilling, demografi og utdanning. Elevane skal forstå samanhengane mellom sosiale, økonomiske og miljømessige tilhøve og at levesettet og ressursbruken til oss menneske har konsekvensar både lokalt og globalt. Å arbeide med berekraftig utvikling som tema inneber å sjå nærare på grunnleggjande dilemma og utviklingstrekk i samfunnet og korleis desse kan handterast. Korleis teknologi har innverknad på menneske, miljø og samfunn og påverkar ei berekraftig utvikling er også ein sentral del av dette temaet.