Den nye lova åpner opp for at den skadelidne kan iverksetje uttak av bestemte individ av kandagås, stripegås, bydue, ringdue, gråtrost, måltrost, svarttrost, rødvingetrost, skjære, kråke, ravn, viltlevande kanin, sørhare, rødrev, røyskatt, mink, mår og grevling. Dersom vilkåra i §3-3 er oppfylte og det er nødvendig for å stanse eller avverge skade på avling, husdyr, tamrein, skog, fisk, vann eller anna eiendom. Vilkåra i §3-3 er
- Skaden er eller kan bli av vesentleg økonomisk betydning
- Skadeforebygjande tiltak er i rimeleg utstrekning forsøkt, vurdert ut frå kva verdiar som skal beskyttast og kostnadene ved alternative tiltak
- Uttaket er retta mot skadegjerande individ
- Uttaket er eigna til å stanse eller vesentleg begrense skadesituasjonen
- Uttaket ikkje truar bestanden si overleving
Dersom mordyr blir avliva i yngletida skal avkommet om mogleg også avlivast.
Dersom vilkåra i § 3-3 er oppfylt og det er nødvendig for å hindre smitte- eller helserisiko i lokaler der det blir produsert eller oppbevart næringsmidlar eller medisin, kan den skadelidne iverksetje uttak av bestemte individ av artane nemne i første ledd og kjøttmeis, blåmeis, gråspurv, pilfink og rødstrupe, som har forvilla seg inn i slike lokaler.
Den skadelidne skal uten ugrunna opphald rapportere om uttaket til kommunen, med opplysning om tal individ, art og kva skade som var grunnlag for uttaket.